Skip to main content

Jakob og Neikob nominert til Brageprisen

Pressemelding   •  nov 01, 2012 12:17 CET

Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake av Kari Stai er nominert til Brageprisen 2012 i kategorien beste barne- og ungdomsbok. Meldarar kallar boka ein kommande klassikar og ho er alt selt til Tyskland. Den første boka om Jakob og Neikob er ute i Tyskland, Frankrike og Danmark. Jakob og Neikob har også vore på NRK Barne-TV og finns som bokapp.

Meir om boka:

Jakob seier alltid JA til alt, og Neikop seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong.

Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob lærer at av og til må ein seie NEI.

Kari Stai kombinerer ei enkel, stramt komponert forteljing med stiliserte og fargerike illustrasjonar. Resultatet er ei visuelt spennande biletbok som på humoristisk og absurd  vis tek opp tema som vennskap, grensesetjing og verdien av å vere ulike.

Frå meldingar:          

”Smart og sjarmerande barnebok, endå betre enn den første. Ein komande klassikar!"

Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"Kari Stais oppfølger til suksessboken "Jakob og Neikob" fra 2008 er enda sterkere enn den første. (…)  For dem som har lest den, ligger det bonusmateriale både i tekst og bilder. For nye lesere vil årets bok fremstå som fullverdig, en liten klassiker på egne ben."

Anne Cathrine Straume, NRK

Kari Stai (f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar. Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris. Ho står også bak peikebokserien Mopp og Mikko.

Kontaktinformasjon til Kari Stai: mobil 990 11 163 post@karistai.no

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar