Gå videre til innhold
"Jølster hotell: historier frå eit asylmottak" - lansering 19.4.

Pressemelding -

"Jølster hotell: historier frå eit asylmottak" - lansering 19.4.

19.4. lanserer vi Katrine Seles bok "Jølster Hotell. Historier frå eit asylmottak".  I 2010 blei Jølster hotell asylmottak. Det staselege sveitserhuset som har teke imot gjester frå slutten av 1800-talet, husar kring hundre asylsøkjarar, mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Irak og Afghanistan.

Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster hotell er inga vanleg dokumentarisk skildring av flyktningsituasjonen i dag, men ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje. Det er ei forteljing om forvirring og fortviling, sakn og lengt, krig og kjærleik.

Sele seier dette om møtet med mottaket:

- Asylmottaket hadde vore i nabolaget mitt i mange år, men eg visste lite om dei som budde der. Då eg gjekk inn i det og byrja å bli kjent med folka der, blei eg sjokkert over kor intenst stusselig livet på mottak var. Det var opprørende. Å bli kjent med flyktningene, var også ei sterk oppleving – eg fekk innsikt i skjebner som var utruleg vanskelige. Alle hadde opplevd store tap.

Sele følgde personane i boka over to-tre år, også ei tid etter at dei vart busette i forskjellige kommunar.

- Det eg opplevde då, var at sjølv om dei hadde fått positivt vedtak, var reisa deira ikkje over. Dei strevde så veldig med å bli ein del av samfunnet. Nokre av dei følte på sett og vis at dei aldri kom heilt fram

Katrine Sele (f. 1972) er oppvaksen i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore. Ho er busett i Jølster i Sunnfjord. Tidlegare har ho blant anna gitt ut ei prislønt bok om kunstnaren Oddvar Torsheim, og ho er tildelt Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. I 2013 gav ho ut biografien Kenneth om komponisten, humoristen og gitaristen Kenneth Sivertsen.

Kontaktinformasjon: Katrine.Sele@hvl.no

MOB: 911 49 824

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO