Skip to main content

Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Booker-prisen

Pressemelding   •   feb 27, 2020 11:15 CET

Foto: Tom A. Kolstad

Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Man Booker-prisen for første band i Septologien, Det andre namnet som kom ut i fjor haust. Prisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk i fjor. Vinnaren vert kåra 19.5. Prisen er på 60 000 pund. Tidlegare har berre ein annan norsk forfattar vore nominert til denne prisen; Roy Jacobsen for De usynlige.

-Eg er overraska og glad over nominasjonen. Lista over dei nominerte til prisen er imponerande, seier Fosse.

Septologien vart lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt i oktober i fjor, der Fosse er eit av hovudnamna.

​Første band i Jon Fosses storverk Septologien, Det andre namnet er selt til tolv land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia, Estland og Italia. Winje Agency handterar salet av Fosses bøker i utlandet

Både  norske og utanlandske bokmeldarar tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til", "Terningkast sju: Fosse i full fyr.", "Mesterlig fra Jon Fosse", "En herlig fest uten punktum!".

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut no til hausten og i 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.