Gå videre til innhold

Pressemelding -

Jostein Fet aktuell med "Stemmer frå ei fjern tid" - kva las vanlege folk i dansketida?

Jostein Fets nye bok Stemmer frå ei fjern tid. Forteljingar om bøker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814 dokumenterer korleis folk på bygdene las langt meir enn vi før har trudd. Fet fortel levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild funksjon der.

Her lærer vi å kjenne ein ukjend bergenshumanist, vi får smakebitar av eit katekismeverk på 8000 sider (!), vi er med på å analysere ei av dei aller eldste folkevisene i landet. Ei ukjend verd opnar seg i kapitla om magiske formlar og nokre utydde teikn på veggen av ei sengebu.

Jostein Fet (f. 1924) er litteraturhistorikar og litteratursosiolog. Han har vore dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Viktigaste forskingsområdet hans har vore bondeallmugens litterære liv mellom 1600 og 1850. Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking. Av Jostein Fets mange artiklar og bøker har særleg Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850 (2003) hausta mange lovord i inn- og utland, og han vart i 2006 tildelt Forskarprisen på Høgskulen i Volda.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO