Gå videre til innhold
Kva skal til for å kjenne seg heime?

Pressemelding -

Kva skal til for å kjenne seg heime?

I den biografiske diktsamlinga Heime mellom istidene undersøkjer Guri Sørumgård Botheim kva det vil seia å kjenne seg heime. Ho tek oss med heim til Lesja i Nord-Gudbrandsdalen og til Trondheim der ho bur og arbeider.

– Mange som kjem frå bygda lever slik som meg. Vi pendlar mellom heimplassen og ein jobb i byen. Vi lever to halve liv, i ein mellomposisjon. Eg har ofte heimlengsel. Diktsamlinga er rett og slett eit forsøk på å finne ut kvifor eg er så sterkt knytt til heimplassen min.

I ei leiligheit i Trondheim forsøker Guri å laga seg ein heim i lag med kjærasten. Men ei uro forstyrrar.

– Skrivinga har vore ein måte å klargjera tankane. Eg har prøvd definere kva som er rundt meg. Kva funksjonar har romma og tinga våre? I Trondheim kan eg kjenne små glimt av heimefølelse inne i leiglegheita. På Lesja strekkjer heime seg fleire mil innover i fjellet. Kvifor er det slik?

Dikta gjer opp status og syner korleis staden formar livet – og omvendt.

Heime mellom istidene handlar om tilknyting og ansvar, om erindring som tinar fram og om å tore å forme livet sitt. Dikta vekslar mellom lesjadialekt og nynorsk. Gjennom eit nøkternt språk og skarpe bilde gjer forfattaren konsekvensar av urbaniteten akutt synleg. Dikta er skrive med ei tydeleg bekymring for dei uutslettelege spora vi lagar i naturen.

Guri Sørumgård Botheim(f. 1978) kjem frå Lesja og bur i ei 1950-talsblokk i Ila i Trondheim. Ho debuterte i 2009 med romanen Ramstein pensionati lag med søstera si, Sigrid. I 2011 var dei redaktørar for boka Søsken i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv humorspalte i Dag og Tid, og er kjent for særeigne opplesingar.

Guri arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.Heime mellom istideneer den første diktsamlinga hennar.

Sleppfest tysdag 3. mai kl. 19.30 på Digs, Olav Tryggvasons gate 30, Trondheim

Guri Sørumgård Botheim lanserer diktsamlinga Heime mellom istidene. Sigurd Brørs lanserer musikkprosjektet The Brørs sesong 1. Det blir opplesingar og konsert. Guri og Sigurd er sambuarar. Dei har arbeidd like lenge med dei to prosjekta sine. Meir informasjon: www.guriheim.no og www.broers.no

Epost-adr til forfattaren: 

guri@ratatosknett.org

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO