Skip to main content

Lanserer bok om å reise verda rundt med å reise Noreg rundt

Pressemelding   •  sep 10, 2014 10:18 CEST

Gunnar Garfors  er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. 18. september kjem reiseboka hans 198. Mi reise til alle verdas land. Det markerer forfattaren ved å lansere boka på tre stader på same dag. Han startar med lanseringsfrukost på heimstaden Naustdal, held fram med lunsj i nynorskby nummer éin, Bergen, og avsluttar med feiring i landets mest internasjonale by Oslo.

To dagar før, tysdag 16. september, varmar Garfors opp til lanseringa ved å reise heile Noreg rundt på eit døgn:

-  Då skal eg besøkje alle Noregs 19 fylke på eitt døgn. Det har ingen gjort før, og det samsvarar med ånda til boka. Alle land, alle fylke, seier Garfors. 

Saman med veslebror Øystein startar han ved midnatt ein stad i Sør-Noreg. Planen er å avslutte reisa i Finnmark maksimum 24 timar seinare. Undervegs gir Gunnar Garfors vekk ei bok til ein person han treff på i kvart fylke. Brørne reiser med bil, fly, båt og til fots.

Du kan følgje ferda på eit kart som oppdaterast i sanntid via GPS på garfors.com eller ved å følgje @garfors og emneknaggen #noregrundt på Twitter og Instagram.

Lanseringsdagen 18. september

Naustdal:   Kommunestyresalen, 09:00. Ordførar Håkon Myrvang innleier.

Bergen:   Bokhandelen Akademia, studentsenteret, Universitetet, 13:00.

Oslo:   Bokhandelen Tanum, Karl Johans gate 37, 18:00.

Gunnar Garfors (f. 1975) er opphaveleg journalist, som no jobbar med distribusjon av digitalradio i NRK. Han er kjend som quizmaster frå Nitimen på NRK P1, og skriv om reise i utanlandske aviser og magasin samt på sin eigen nettstad garfors.com.

Kontaktinformasjon til Gunnar Garfors: 400 00 022 - gunnar.garfors@nrk.no 

Meir om boka:

Gunnar Garfors er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. Utferdstrongen og eventyrlysta har resultert i sære opplevingar og ville påfunn, som Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag.

Han reiser ofte på impuls og opplever verda i møte med dei han treffer undervegs. Då skjer det uventa og spennande ting, anten han er aleine eller saman med gode kompisar. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og er meint som inspirasjon til alle som vil på noko anna enn pakketurar.

Garfors har òg laga fleire lister, som dei 25 minst besøkte landa i verda, dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 10 favorittbyane, dei farlegaste landa og kva land som har dei flottaste kvinnene. Han gir gode råd om kvifor og korleis reise til stader du knapt visste om.



Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar