Gå videre til innhold
Lansering av "Der nåden finst" av Hermann Starheimsæter

Pressemelding -

Lansering av "Der nåden finst" av Hermann Starheimsæter

"Der nåden finst" av Hermann Starheimsæter er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007). Dei to første bøkene i trilogien kjem ut som ebøker no i haust.

’Den nynorske terroristen’ Claus Hjelle er tilbake i Sogn etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp ting som han absolutt må snakka med mora om. Men Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og vekene går. I mellomtida møter han Johnny att, ein han gjekk saman med på skulen, og det oppstår ein vennskap mellom dei to som alltid har vore så ulike. Denne vennskapen får uventa følgjer for Claus Hjelle.

Om Claus Hjelle- rilogien til Starheimsæter:

Kva er eit psykotisk samanbrot? Kvar kjem det frå? Kva gjer det med språket?  I dei tre bøkene om eks-journalisten Claus Hjelle, som brukar ord som ”nynorsk terrorist” og ”farleg menneske” om seg sjølv som sjuk, tek forfattaren Hermann Starheimsæter i bruk heile sitt register for å sirkle inn moglege svar. I Nordvegen (2003) utforskar han det norske språkets psykologi og sosiologi, i Nattbussen (2007) dei medisinske forklaringsmodellane. I Der nåden finst (2012) prøver han å finne ut av religiøse omgrep som skuld og nåde. Kanskje kjem han her tettare på sin eigen hovudperson enn nokon gong.

Frå meldingar av dei føregåande bøkene i trilogien:

"... ein veldig språkleg energi, eit kraftverk av språk... Hermann Starheimsæter har no etablert seg som ein av dei aller fremste i moderne norsk litteratur. Det er få, om nokon, som meistrar denne språklege og tematiske balansen mellom det djupt tragiske og den store humor, mellom det ’normale’ og ’galskapen’."           
Knut Ødegård, Aftenposten

"... framifrå litteratur for alle som er opptekne av språk i aller vidaste og mest mangslungne tyding av ordet."
Marta Norheim i Boktilsynet, NRK P2

"... en godt fortalt idéroman om Norge som anbefales til enhver som er interessert i hvordan denne fortsatt ganske unge nasjonen har forsøkt, og fremdeles forsøker, å forstå seg selv."       
Ane Farsethås, Dagens Næringsliv 

"Nordvegen er definitivt den beste mursteinsromanen eg har lese i år. Blant årets nye romanar, uansett lengd, kjem eg ikkje i farten på om eg har lese noen som har vore så god som denne. Dette er ein velskriven, ambisiøs og spennande roman utover det alminnelege."
Atle Christiansen, Dag og Tid 

 

Hermann Starheimsæter (f. 1950) debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre og har gjeve ut bøker i dei fleste sjangrar. Som romanforfattar har han heilt frå den prislønte Han gjorde det (1990) arbeidd med å finne gyldige språklege uttrykk for psykiske grensetilstandar.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO