Gå videre til innhold
Lansering av fotoboka "Folk i vest" av Odd E. Nerbø

Pressemelding -

Lansering av fotoboka "Folk i vest" av Odd E. Nerbø

Lanseringsarrangement på Norli Strandgaten i Bergen, 15.3. kl 20. Finn Tokvam intervjuar fotograf og forfattar Odd E. Nerbø.

Dei siste par åra har Odd E. Nerbø gått rundt i Bergen med kamera og notisblokk og snakka med folk han synest ser interessante ut. I Folk i vest. Alle har ei historie møter vi 150 av dei. Asa Shimada, som fortel om den første gongen ho fekk ein klem frå mor si. Anton Johannes, som saknar kona si Anne Ma og ønskjer seg ei venninne å gå tur med. Tvillingane Roy og Remy (22), som grudde seg til kvar dag på skulen. Marit, som søv ute heile året. Og mange fleire personlege, rørande og skilsetjande historier frå liva til menneska rundt oss i Noreg i dag.

Spalta Folk i vest i Bergens Tidende er svært populær. Bildene og fotografia viser at alle har ei historie. Eller som kulturredaktør i BT, Frode Bjerkestrand, seier det; -Alle fortener å bli sett, ein eller annan gong. Ingen skal gå usynleg gjennom livet.

Bla i starten av boka: https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/folk_i_vest

Odd E. Nerbø (f. 1955) har arbeidd som fotograf, bildesjef og bilderedigerar i Bergens Tidende sidan 1977. Han har alltid fotografert kvardagen på Vestlandet og folk som bur der.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO