Skip to main content

Lansering av Jan Roar Leikvolls roman "Forkynnaren"

Pressemelding   •   aug 18, 2015 10:36 CEST

Pop up-bokhandelen Fiolinanes bokhandel i Skostredet i Bergen med Leikvolls romanar opnar laurdag 22.8. kl 10 og stengjer 24.8. kl 22. (I regi av Christian Kjelstrup). Lanseringarr. for Forkynnaren og festkveld for Leikvolls forfattarskap på Litteraturhuset i Bergen sundag kl. 19.

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) etterlét seg ei stor mengd ufullenda tekstar. Ein av desse var Forkynnaren. Her møter vi den gamle mannen Hans som vaknar etter eit lengre sjukeleie, overtydd om at han har fått eit kall. Uviss på kva som ventar han, forlét han garden og ror utover fjorden, for aldri meir vende attende. Forkynnaren er ei forteljing om tap, trøyst og forsoning.

Leikvoll debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar.

Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.

For spørsmål, kontakt Karin Helgøy i Samlaget: 97 01 98 65 - k.helgoy@samlaget.no

Om pop up-bokhandelen - Fiolinanes Bokhandel: Christian Kjelstrup 91 11 55 44

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy