Gå videre til innhold
Lars Mæhle ute med roman frå rasistisk ungdomsmiljø

Pressemelding -

Lars Mæhle ute med roman frå rasistisk ungdomsmiljø

Lars Mæhle er ute med ungdomsromanen Fuck Off I Love You. Det er ei sterk og spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter. Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond …

-Det er ei bok som er skrive etter 22/7, men som ikkje handlar direkte om 22/7. Boka tar opp tema som snikande rasisme innafor ungdomsgjengar, om gruppepress og vegval. Om vi verkeleg har fridom til å velje, når alt kjem til alt. Eller om vi lar oss forma av dei omstenda vi havnar i, av tilfellet og miljøet rundt oss,  seier Mæhle om boka.

Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002). Den populære og prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn og ungdom. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, UPrisen, Fabelprisen, og også nominert til Brageprisen.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO