Skip to main content

Marit Heier Lajord debuterer med barneboka "Olava og bestefar"

Pressemelding   •   mar 11, 2013 10:28 CET

Olava er sju år. Ho er oppkalla etter bestefar Olav, som er meir enn sytti. Han kan køyre traktor, reparere skistavar og levde under krigen. Bestefar har lært Olava mange ting. At havet er salt, at traktoren har hestekrefter, og at namnet hennar tyder etterkommar. Men når vinteren kjem, blir bestefar sjuk.
  
Historia om Olava og bestefar fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein varm og jordnær måte, og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Med Line Halsnes’ vakre illustrasjonar inviterer boka til fine samtaler om liv og død og slekters gang.

Marit Heier Lajord (f. 1990) er debutant. Ho kjem frå Vang i Valdres. Heier Lajord har gått på
forfattarutdanninga i Bø, studerer jus og skriv for ungdom på nettstaden Framtida.no

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy