Gå videre til innhold
Melsomprisen til Siri Helle og Anna Kleiva

Pressemelding -

Melsomprisen til Siri Helle og Anna Kleiva

Melsomprisen 2015 går til Siri Helle for boka Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks (Samlaget 2014), medan Anna Kleiva får prisen for diktsamlinga Vårar seinare (Forlaget Oktober 2014). 

Helle og Kleiva 20.000 kroner kvar i prispengar.

Kvart år deler Litteraturselskapet Det Norske Samlaget ut Melsomprisen under Litteratursymposiet i Odda, som i år går føre seg frå 7.-11.oktober.

Juryen har vurdert 37 utgjevingar frå 12 ulike forlag og enda til slutt med å dela prisen mellom Siri Helle og Anna Kleiva.

– Det mangla ikkje på gilde forfattarnamn, for mange profilerte nynorskforfattarar gav ut bok i fjor, men me er ein jury som ikkje gir ut pris til «the usual suspects». Me vart samde om heilt andre namn og landa på å dela prisen mellom ein sakprosaforfattar og ein lyrikar, forklarar Sverre Tusvik på vegne av juryen.

Juryen meinte at den agronomutdanna spaltisten Siri Helle i vinnarboka spissar argumenta og dei kritiske analysane kjent frå den faste matspalta hennar i vekeavisa Dag og Tid.

Vidare peikar dei på at i ein mediekvardag, som nesten druknar oss i mat og kokebøker frå dei mest eksotiske nisjer og sektorar, maktar Helle å formidla innfløkt og faktaspekka folkeopplysning om dei mest basale tema. Ho er krasst og modig utleverande, men teksten vert aldri prega av traurig, korrekt moralisering.

– Helle er innom store og nesten slitte omgrep som bærekraft, dyrevelferd, kjedemakt og forbrukarmakt. Ho driv opplysande, gravande journalistikk om uoversiktlege tilsetjingsstoff og avslører djupt alvorleg juks i norsk og internasjonal matbransje. Dette gjer ho med eit lett og ledig språk, hyppig krydra med intelligente ordspel og uventa biletbruk, meiner juryen.

Juryen meiner at dikta i Anna Kleivas «Vårar seinare» tidvis er lågmælte i form, men samtidig svært dramatiske i innhald.

– Bygda kvir seg til vår og dikta vert ein sørgjesong over unge menneske som døyr i ulukker som kunne ha vore unngått. Dikta er baserte på personlege opplevingar, men dei vert aldri banale. Dei er baserte på djupt fellesmenneskelege kjensler, meiner juryen.

Melsomprisen er ein pris for nynorsk litteratur og er i dag på 40.000 kroner. Kvart år vert prisen delt ut til ein forfattar eller gjendiktar som har gitt ut litteratur som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse».

Blant tidligare vinnarar av prisen er Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse, Lars Amund Vaage, Edvard Hoem, Frode Grytten, Erling Indreeide, Kjartan Fløgstad, Knut Olav Åmås og Gunstein Bakke.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO