Gå videre til innhold
Morten Bjerga. Foto: Tommy Ellingsen
Morten Bjerga. Foto: Tommy Ellingsen

Pressemelding -

Morten Bjerga med ny roman; "Dødevegen"


Morten Bjerga fekk flotte meldingar for si førre roman Lars O. Bru og havet(2017). No er han aktuell med Dødevegen, ein roman om ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter.

To år seinare sit han i fengsel på Jæren. Tankane hans kretsar rundt det gode og det vonde, det vakre og det stygge, men mest av alt tenker han på Spania, på hendingane der, på menneska, hundane, byane, fønvinden og den tusen år gamle tradisjonen der millionar av menneske har vandra til byen i vest for å finne fram til noko anna og kanskje betre.

Det var eit eineståande liv. Ein brukte dagen til å flytta seg frå ein stad til ein annan. Berre det. Ingenting anna. Det var det enkle livet. Det var det livet som alle kunne meistra. Ein gjekk, og det var alt. Og på vegen strøymde augeblinkane mot ein.


Morten Bjerga (f. 1960) debuterte i 1999 med romanen Fyrtårnet. Lars O. Bru og havet kom i 2017 til flotte meldingar.  Han arbeider som lektor og bur i Sandnes.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO