Gå videre til innhold
Morten Søberg klar med "Rapport frå Finansdepartementet - ei statssekretærreise" 9.4.

Pressemelding -

Morten Søberg klar med "Rapport frå Finansdepartementet - ei statssekretærreise" 9.4.

LANSERINGSARRANGEMENT I TRONDHEIM OG BERGEN. Morten Søberg i samtale med Ola Borten Moe, om boka og om livet i regjering

Litteraturhuset i Bergen torsdag 10. april, kl. 19.00.

Ila Brannstasjon i Trondheim fredag 11. april kl 19.15

Lanseringsdato og sperrefrist for boka:  onsdag 9. april.

Om boka: Fram til regjeringsskiftet 2013 var Morten Søberg statssekretær for banksaker i Finansdepartementet. Denne boka er hans rapport frå dei tre åra han var i toppen av det mektigaste departementet i Noreg.

I skuggen av ei global finanskrise reiser Søberg frå sentrum av London til Longyearbyens periferi, til nokre av verdas største sentralbankar og mindre sentrale bankar på tvers av landegrenser og tidssoner: Noregs Bank, The First Bank of the United States, Snåsa Sparebank og Den norske Handelsbank.

Søberg har skrive ei viktig bok om spørsmål som gjeld oss alle, men som få av oss kjenner godt nok til: Korleis fungerer eigenleg bankar? Kvifor må dei regulerast og kva samfunnsansvar har dei? Og kva rolle kan personar, til dømes ein skarve statssekretær, spele på innsida av eit mektig departement?

Som i dei tidlegare bøkene sine, kombinerer Søberg solid fagleg innsikt med ei uvanleg formidlingsevne.

Sagt om Søbergs tidlegare bøker:

"Morten Søberg bringer et nytt refleksjonsnivå til den politiske debatten [...] Søberg beveger seg på kryss og tvers av historiske, kulturelle og politiske skillelinjer, bryter ned tradisjonelle grensedragninger, og får fram nye interessante perspektiver."

Dag Eivind Undheim Larsen,  Klassekampen


"For lesarar som er opptekne av politikk og har sans for freistnader på å sjå dagsaktuelle politiske stridsspørsmål i eit historisk perspektiv, er det mykje å finna i Søbergs essay frå Stortinget, både av skarpsynte observasjonar, profilerte personlege vurderingar og av framlegg som provoserer lesaren til sjølv å ta stilling."

Inge Lønning,  Dag og Tid


Morten Søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim og startar snart som direktør for samfunnskontakt i Sparebank1 Gruppen. Han var statssekretær i Finansdepartementet i tre år fram til regjeringsskiftet hausten 2013. Søberg er samfunnsøkonom med doktorgrad i eksperimentell økonomi frå Universitetet i Oslo og utdanning i filosofi og økonomi frå London School of Economics. Han har tidlegare gitt ut bøkene Senatet som aldri vart. Essay frå Stortinget (2009) og Sverdrups ekko. Parlamentariske undersøkingar (2010).


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO