Skip to main content

Ny bildebok frå Anna R. Folkestad

Pressemelding   •   feb 11, 2019 11:00 CET

Varmt om vennskap i fargerik forteljing

Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne.

Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin?

Ulla er ei hjartevarm og humoristisk forteljing om flokk og fellesskap.

Boka har lanseringsdato 14.02.19.

Anna R. Folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And, som kom på russisk i 2012. Ho fekk tildelt Nynorsk Barnelitteraturpris for 2012 for boka Unni og Gunni reiser. 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks <a href="http://www.mynewsdesk.com/no/about/terms-and-conditions/privacy_policy">Personvernerklæring</a>.