Skip to main content

Ny biografi om 200-års jubilant Ivar Aasen 1. august

Pressemelding   •   jul 16, 2013 12:16 CEST

1. august lanserer Samlaget ein ny biografi om 200-års jubilant Ivar Aasen, skriven av Ottar Grepstad.

Ivar Aasen reiste lengre enn Marco Polo, hadde bøker på minst 20 språk og hugsa alt han hadde lese éin gong. Han var bondesonen og vegarbeidaren som moderniserte Noreg, grunnla den nynorske diktekunsten og blei ein internasjonalt respektert språkforskar. Berre 22 år gamal bestemte Ivar Aasen seg for å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske språket. Offentleg sa han det først 16 år seinare, og laga seg ein grenselaust ambisiøst arbeidsplan. Lesaren blir med Aasen landet rundt og livet gjennom i arbeidet hans med å oppfylle planen. Rekk han det han må få gjort?

Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Ivar Aasen-tunet feirar med over 20 arrangement i dagane 1.–5. august. På den store fødselsdagsfesten 5. august held kulturminister Hadia Tajik tale for jubilanten, og tekstar av Aasen blir framførte på fleire språk.

Kontakt marknadssjef Anne Liv Tresselt for manus på boka og intrevjuavtale med Ottar Grepstad:

a.tresselt@samlaget.no - 905 61 322


Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar