Skip to main content

Ny bok frå Elena Ferrante

Pressemelding   •   feb 05, 2020 09:00 CET

10.2. lanserer Samlaget Eit år med Elena Ferrante. Boka er ei samling av artiklar frå Elena Ferrante, og gir oss innsikt i tankane til ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid. Ho skreiv tekstane til ei fast helgespalte i The Guardian gjennom eit år.

Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i; om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantevekstar til klimaendringar, frå beundring for ei kjend filmstjerne til redselen for å flytte, og om kvinnefrigjering i eit enno mannsdominert samfunn.

«Eg høyrer til den kategorien menneske som ikkje liker seg sjølv, verken på foto eller film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn. [...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje likna det minste på det bildet eg hadde av meg sjølv.»

Boka er omsett frå italiensk ved Kristin Sørsdal.


Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.