Gå videre til innhold
Ny bok om norske kvardagsord - veit du eigentleg kva du snakkar om?

Pressemelding -

Ny bok om norske kvardagsord - veit du eigentleg kva du snakkar om?

I den nye boka Norsk etymologisk oppkok - Du veit ikkje kva du snakkar om herjar Kristin Fridtun  med kvardagsdorda, spretter dei opp og ser kva som gøymer seg inni. Orda speglar måten me sansar og skjønar verda på, og Fridtun let dei ikkje få ha løyndomane sine i fred. Fridtun granskar heilt daglegdagse ord som hovud, sjel, hjarta, minne, dør, verd, fisk og utfordring. Boka er skriven humoristisk, lett og ledig. Dette er ei bok som gjev språklege aha-opplevingar, det er ei bok for alle som snakkar, men òg for den språkinteresserte. Dette er boka for deg som ikkje veit kva du snakkar om.

Målet med språkboka er at vi skal få augo opp for kor mykje rart og fint som finns i ord:

- Eg har studert nordisk og latin og har lenge  vore opptatt av kor orda våre kjem frå. Det viser seg at mange ord opprinneleg tyder noko anna enn det vi trur. Eller at moderne ord eigentleg har ei eldre tyding, som ordet "digital" som kjem av  "digitus" som tyder "finger" på latin, seier Fridtun til Aftenposten.

Fridtuns yndlingsord er "å spørje" som opprinneleg betyr "å spore opp" og «å lengte» som kjem av å strekke seg innvendig og gjere seg lang.

Kristin Fridtun (f.1987) er student og skribent. Ho har master i norrøn filologi, er oppvaksen med bokmål, men skifta til nynorsk i 2006. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Trondheim.

Kontaktinfomasjon:

Forfattar: :kristin.fridtun@gmail.com mobil: 90568741

Kontakt i Samlaget:Kontaktperson i Samlaget: informasjonssjef Karin Helgøy karin.helgoy@samlaget.no Mobil:  97019865

 

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO