Skip to main content

Ny bok om skeiv historie frå norrøn tid til i dag

Pressemelding   •   mai 28, 2019 07:54 CEST

I den nye boka Skeive linjer i norsk historie frå norrøn tid til i dag gir Hanne Marie Johansen ei første samla oppsummering av skeive si historie i Noreg. Sentrale spørsmål i boka er korleis brot med normer for kjønn og seksualitet har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva for årsaksforklaringar som har dominert. I eldre kjeldemateriale finn vi få spor etter skeive; korleis skal det tolkast? Og på kva måte har nyare likestillingspolitikk påverka skeives rettar og levekår? Omgrep som lesbisk, homofil og heterofil kan i dag bli oppfatta som utdaterte. Er det fordi rettigheitskampen er over, eller fordi nye forståingar av kjønn og seksualitet har slått igjennom?

Skeiv eller LHBTI omfattar seksualitetar, kjønnsuttrykk og samliv som bryt med etablerte normer, og som utfordrar majoritetskulturen og tradisjonelt familieliv. Den store linja i skeiv historie er ei utvikling frå usynleggjering og straffeforfølging til psykiatrisk behandling, og vidare til likestilling i vår tid. Slik kan skeiv historie ved første augekast verke som ei stor forteljing om frigjering, men er dette heile historia?

Hanne Marie Johansen (f. 1956) er førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitetet i Bergen, og førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Johansen har arbeidd med både eldre og yngre skandinavisk historie, med vekt på kjønnshistorie, familiehistorie og rettshistorie. Ho disputerte i 1998 med ei avhandling om skilsmisseretten i Danmark-Norge frå reformasjonen til 1800-talet, og har seinare bidratt i fleire bøker, mellom anna I gode og vonde dagar. Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid (2003). 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.