Gå videre til innhold
Ny debattbok om fiskerinæringa: "Kvotebaronar. Privat rikdom - utarma fiskevær" av Gunnar Grytås

Pressemelding -

Ny debattbok om fiskerinæringa: "Kvotebaronar. Privat rikdom - utarma fiskevær" av Gunnar Grytås

I si nye bok Kvotebaronar. Privat rikdom - utarma fiskevær som vert lansert 23.10. går Gunnar Grytås inn i bakgrunnen for kystopprøret og viser korleis fisken, ein felles ressurs, på kort tid har blitt eit spekulasjonsobjekt. Når ein no for alvor innser kor verdifulle kvotane og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten.  Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året.

Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men i boka si spør Grytås kva slags fiskeristormakt vil vi bli? Historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid. Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein gong var så viktig.  Mange har utpeika Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men Grytås viser at også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender.

Gunnar Grytås
(f. 1949) er forskar ved Norges fiskerihøgskole, Universitetet i Tromsø. Han har arbeidd som forfattar og journalist, mellom anna i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, blant anna historia til Noregs Råfisklag frå 2013. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO