Gå videre til innhold
Ny novellesamling frå Anna Gavalda på norsk; "For ope hjarte"

Pressemelding -

Ny novellesamling frå Anna Gavalda på norsk; "For ope hjarte"

Anna Gavalda er elska av lesarar over heile verda. I For ope hjarte byr ho på sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.

Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva – den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med – men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?

Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn – som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.

Omsett frå fransk av Tove Bakke

Anna Gavalda (f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag.  Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO