Gå videre til innhold
Ny roman frå Agnes Ravatn - "Dei sju dørene"

Pressemelding -

Ny roman frå Agnes Ravatn - "Dei sju dørene"

Agnes Ravatn er klar med Dei sju dørene, hennar første roman etter knallsuksessen med Fugletribunalet.

Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.

Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.

Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, blant anna romanen Fugletribunalet (2013), som har eit opplag på over 40 000, og har gjort suksess både som bok og teater. Boka er ute på  seksten språk. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO