Gå videre til innhold
Ny roman frå Arild Rein, "Felttestamente"

Pressemelding -

Ny roman frå Arild Rein, "Felttestamente"

Arild Rein, kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil, tok med sin førre roman, St. Olav-komplekset, steget ut i skrekksjangeren. Han held seg i det same sporet i Felttestamente, når han lar religiøse apokalypseførestillingar vere ein del av bakgrunnen for handlinga i romanen.

Ein anestesisjukepleiar har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han mister etterkvart kontrollen over seg sjølv og det han held på med. I et forsøk på å redde livet prøver han å skrive ut livssoga si og legitimera det han held på med. Men språket, som han heller ikkje har kontroll over, og som han trur er ein livbøye, viser seg å vere ei søkke.

Arild Rein (f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane – første band i Stavangertrilogien, som inkluderer Grisekoret (2001) og Kaninbyen (2004). Etter den hardkokte trilogien har Rein utforska andre lågsjangrar som farsen, zombi- og spøkjelsesforteljingar, og skrive dagbokdikt. Perspektivet i Rein sine tankevekkjande bøker, er alltid frekkheit nedanfrå.

Rein fekk Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei Kaninbyen kåra til Europeiske Kulturhovudstads bok av innbyggjarane i Stavanger.

print

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO