Pressemelding -
Ny roman frå Elena Ferrante på norsk til våren
Elena Ferrantes italienske forlag melder at det kjem ein ny roman frå forfattaren på italiensk 7.11.
– Vi er så begeistra for å høyre at Ferrante har skrive ny roman. Dette fekk vi vite for kort tid sidan, og vi fekk lese eit kort utdrag. Romanen kjem på italiensk i november, og vi håpar å ha den norske utgåva klar i mai, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.
Elena Ferrante blir kalle ein av dei største romanforfattarane i vår tid. Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar og kritikarar over heile verda. Berre i Noreg nærmar samla opplagseg ein halv million.
Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten var hennar internasjonale gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til over førti land. Elena Ferrante er eit pseudonym.
Kristin Sørsdal er Ferrantes norske omsetjar.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.