Gå videre til innhold
Foto: Jan Lillebø
Foto: Jan Lillebø

Pressemelding -

Ny roman frå Kristin Sørsdal; om menneske på flukt og dei som tek dei imot.

Kristin Sørsdal, mest kjend som Elena Ferrantes norske omsetjar, er klar med sin tredje roman, "Mare", som utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.

Om boka: Solveig går i land på øya Lampedusa som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?

På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. 

For Kristin Sørsdal starta prosessen med romanen då ho saman med klassen ho var lærar for såg nyhenda saman ein morgon, og det vart meldt at ein båt hadde gått ned i havet mellom Libya og Italia. Minst 360 menneske hadde drukna ved Lampedusa. 

- Kunne dei ikkje symje? Var min første tanke før eg såg at mange av dei vaksne eritreiske elevane i klassen gret og hadde mobilane på. Det gjekk lang tid før eg skjønte kvifor, og kor nært Middelhavet er for dei. Kor nær den båten var. Kanskje ein son var om bord, ei dotter, ei tante, ein fetter, seier Sørsdal. 

- Denne romanen rører borti ting som eigentleg er altfor store for meg. Den prøver å seie noko om Den andre, om reell smerte, om menneske som går omkring oss kvar dag, som lever med smerta, ei smerte eg som nordboar aldri kan førestille meg, held Sørsdal fram. 

Meldarane seier: 

"går inn i si tid og tvingar andres maktesløyse på vårt medvit"

Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

"Koblingen til en konkret tragedie, med henvisning til redningsarbeidet og loggføring over de omkomne, gir aktualitet og tyngde til fortellingen."

Anne Cathrine Straume, Nrk

Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal er forfattar og omsettar, og debuterte i 2010 med Makabre bikkjer. Ho er master i italiensk og har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og innvandrarar. Mare (2017) er den tredje boka hennar. Sørsdal omset bøkene til Elena Ferrante til norsk, og vann nett Kritikarprisen for dette arbeidet. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO