Gå videre til innhold
Ny roman frå Sigrid Merethe Hanssen, "Sofia"

Pressemelding -

Ny roman frå Sigrid Merethe Hanssen, "Sofia"

Sigrid Merethe Hanssen har tidlegare skrive kritikarroste noveller og ei barnebok. No er ho klar med sin første roman. Sofia handlar om flukt på ulike plan, om galskap og om grensene mellom fiksjon og verkelegheit.

Ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt for turistar og tilværet hennar blir stadig
meir prega av isolasjon. Ein dag møter ho Sofia som arbeider på ein kafé i nærleiken. Denne jenta opptek snart all plass i tankane og skrifta hennar. Og då ho får for seg at Sofia er i fare, tek ønsket om å hjelpe overhand, og ho må kjempe mot krefter ho ikkje har kontroll over.

Sigrid Merethe Hanssen (f. 1966) debuterte i 2007 med novellesamlinga Sprang, og har seinare gitt ut novellesamlinga Ingen heime og barneboka Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet. Hanssen bur på Finnsnes i Troms.

Frå meldingar av novellesamlinga Ingen heime:

"På vart og intenst vis – med en antydningskunst som minner om Johan Borgen – lar Hanssen oss ane konturene av noe forferdelig. Den er en fortellerteknisk svært velgjort, fortettet og vakker
novelle."

 Maya Troberg Djuve, Dagbladet


 "[...] dette er ei svært vellukka bok, med grundig gjennomarbeidde tekstar som er skrivne med truverde og innleving og med konsekvent og musikalsk språk."

 Odd W. Surén, Dag og Tid


 

 

Emner

Kategorier


 

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO