Gå videre til innhold
Ny ungdomsroman frå Marit Kaldhol

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå Marit Kaldhol

Sterkt og sårt om ungdomstid 

Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.

Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg?

"Z for sorry" er ein sår og sterk ungdomsroman som stille spørsmålsteikn ved kva fridom eigentleg er, som utforskar forholdet mellom individ og fellesskap og korleis det er å vere ung og på søken etter eigen identitet. 

- Sjølvbildet, oppfattinga av kven vi er blir forma i barne- og ungdomsåra. Derfor står så mykje på spel - og derfor er det ein særleg interessant periode å skrive om. Av same grunn er det også ei uhyre viktig gruppe å skrive for, seier Kaldhol. 

Lanseringsdato 2.3.

Marit O. Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO