Skip to main content

Olaug Nilssen aktuell med ny roman; "Tung tids tale"

Pressemelding   •   sep 07, 2017 11:33 CEST

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet.

- Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet.
Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje.
- På øyret til bilen.

LANSERING 8.9.

OLAUG NILSSEN (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar