Gå videre til innhold
Olaug Nilssen klar med farse frå bokbransjen

Pressemelding -

Olaug Nilssen klar med farse frå bokbransjen

Olaug Nilssen har opplevd ein enorm suksess med romanen Tung tids tale, som både vann Brageprisen og har eit  opplag på 40 000. 16. mai er Nilssen klar med noko heilt anna. Ikkje tenk på det er ei slagferdig og uhøgtideleg farse i seks scenar frå bokbransjen.

Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag etter at skrivinga har gått i stå. Saman med Siss og Unn, to garva forlagsmenneske, skal ho halde i lanseringa av den første boka til den kjende forfattaren Michel Sørbrøt på ti år – ein ekteskapsroman. Han er elska og hata, eit provoserande geni – men er den nye boka noko særleg? Kva meiner ekskona? Og kvifor er det så viktig for Oddlaug å vere ven med Michel på Facebook?

Ikkje tenk på det er ein uhøgtideleg satire i seks scenar om litteraturbransjens meir eller mindre skuggelagde krikar og krokar. I ein stil vi kjenner godt, skriv Nilssen kløktig og humoristisk om aktuelle debattar kring pengedrivet, kritikarstanden og kulturmannen, om nettverk, røyndomslitteratur og #me too – attkjenneleg for mange i eit lite og lesande land som Noreg.

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket Stort og stygt tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre, for første gong. Med Tung tids tale braut ho igjen tabu, d med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. Den nye boka, Ikkje tenk på det er noko ganske anne, ei blott til lyst-farse på bokbransjen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO