Gå videre til innhold
​Ole Rolfsrud får Alf Helleviks mediemålpris 2018

Pressemelding -

​Ole Rolfsrud får Alf Helleviks mediemålpris 2018

Ole Rolfsrud (42) får prisen for å vere ein tydeleg og leiken nynorskbrukar gjennom mange år i NRK Sport og for å ha pløyd ny mark som laurdagsunderhaldar i «Alle mot 1» på NRK1.

Rolfsrud tek språket som verktøy på alvor. Som sportsjournalist har han utmerka seg med ein munnleg og ledig nynorsk på både tv og radio. Gjennom entusiasme, sportsglede, humor og alvor viser han eit uanstrengt og variert språk.

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Som tydeleg nynorskbrukar med stort publikum er Rolfsrud eit godt førebilete for mange.

Ole Rolfsrud kjem frå Brandal i Møre og Romsdal og har vore tilknytt NRK sidan 2003.

Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Prisen er på kr 25 000.

I prisnemnda sit tidlegare journalist og redaktør i NRK, Sigvart Østrem, Geirmund Henjum, journalist i NRK og dagleg leiar i Norsk fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, alle oppnemnde av Det Norske Samlaget.

Prisen var utdelt på åremøtet til Litterturselskapet Det Norske Samlaget  27. april.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO