Gå videre til innhold
P2-lyttaranes romanpris til Agnes Ravatn

Pressemelding -

P2-lyttaranes romanpris til Agnes Ravatn

Laurdag gjekk P2-lyttaranes romanpris for 2013 til Fugletribunalet av Agnes Ravatn

- Dette er noko av det kjekkaste eg har opplevd, seier Ravatn til nrk.no

Juryen er sett saman av alminnelege lesarar, som har til felles at dei er glade i å lese.

- Det som gjer det så spesielt å få denne prisen, er at det er lesarane sjølv som har valt boka mi. I eit lite land som dette er miljøet tett mellom kritikarar og forfattarar, så det å få anerkjenning frå folk ein ikkje har noe bånd til, er veldig kjekt.

Juryen seier:  "Romanen handler om skam og skyld, og om et ønske om å sone. Forfatteren har nærmest laget et laboratorium på siden av virkeligheten for å følge tilnærmingen mellom de to hovedpersonene. De har begge noe de vil skjule. Dialogen er knapp, samtidig som Ravatn tøyer grensene i sitt eget univers til det maksimale. Boken nærmer seg en skrekk-roman, og uhyggefølelsen forsterkes av at forfatteren fletter inn mytologisk stoff om Loke og Balder og en diskusjon om skyld og straff fra Magnus Lagabøtes tid. Det ytre landskapet skaper en troverdig ramme, men det er hovedpersonenes indre landskap som blir det interessante."

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO