Gå videre til innhold
"På liv og død": Imponerande verk om distriktsjordmødrenes historie

Pressemelding -

"På liv og død": Imponerande verk om distriktsjordmødrenes historie

Boka ”På liv og død. Distriktsjordmødrenes historie” er den første samla framstillinga av distriktsjordmødrene si historie i Noreg, frå amtmannen i dagens Møre og Romsdal i 1784 fekk i stand eit ordna jordmorvesen på landsbygda, og til kommunehelselova i 1984 ikkje lenger kravde at kommunane skulle tilsetje jordmor.

Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg, jordmorskulen den første utdanninga for kvinner, og jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet. Over meir enn hundre år var jordmødrene dei næraste helsearbeidarane for folk i norske bygder.

- Sjølv om distriktsjordmødrene aldri har vore gløymde, og dei har hatt ei høg stjerne på bygdene over heile landet, er det likevel mykje som ikkje er kjent om arbeidsvilkåra deira. Det eg har lagt vekt på er å teikne eit breitt bilde av arbeidsvilkåra og livsvilkår i det samfunnet som jordmødrene arbeidde i, seier Aud Farstad.

Lesaren blir i boka kjend med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei tett i deira strevsame tilvere og strabasiøse yrke. Samstundes er dette òg ei forteljing om det norske samfunnet i utvikling. 

- Noreg har hatt ei eventyrleg utvikling dei siste 200 åra. For meg har det vore viktig å sette vår eiga tid i relieff. Velferdsstaten er ikkje sjølvsagt og han kom ikkje av seg sjølv, seier Farstad.

Boka lanserast torsdag 12. mai. kl.19.00 på Ålesund Bibliotek. 

Aud Farstad (f. 1955) er historikar, eldst av ni barn og sjølv mor til fire. Ho har arbeidd med sosial- og kvinnehistorie store delar av livet, har skrive bøker om sanitetsforeiningar og hovudoppgåve om framveksten av det profesjonelle helsevesenet på 1800-talet.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO