Skip to main content

Patti Smith, Jon Fosse og Elena Ferrante på Samlagets vårliste

Pressemelding   •   jan 14, 2016 09:30 CET

Jon Fosse er klar med ny diktsamling 22.1. "Poesiar. Etter Henrik Wergeland", der han går i dialog med den tidlegare Grotte-buaren Wergeland sine dikt. Patti Smiths oppfølgjar til memoarboka "Just kids", "M Train", er klar på norsk 20.2., i Brit Bildøens omsetjing. 

1.3. kjem Elena Ferrantes tredje bok i Napoli-kvartetten på norsk, "Dei som flyktar og dei som blir igjen". Ferrante har tatt norske lesarar og kritikarar med storm, og ligg framleis i toppen av bestseljarlista. Serien vert omsett av Kristin Sørsdal. Fjerde og siste bok i kvartetten kjem til hausten. 

Mette Karlsvik og Arild Rein er klare med nye, sterke romanar og Guri Sørumgård Botheim kjem med si første lyrikksamling. På fakta og dokumentar-lista finn ein biografien om Betzy Kjelsberg av Magnhild Folkvord. Emil André Erstad kjem med ei bok om Syria-flyktningane, og tidlegare mellomdistanseløpar Kristin Roset skriv om spiseforstyrrelsar i toppidretten, i boka "Spring for livet. Slik vart eg frisk". Unni Eikeseth, kjend frå Newton på NRK tek for seg banebrytande vitskaplege oppdagingar gjennom 150 år i boka "Norske forskningsbragder."

Jan Olav Gatland skriv om særeigne sjelevenner i norsk kultur, som Harriet Backer og Kitty Kielland, Edvard Grieg og Frantz Beyer osb. i boka "Romantiske vennskap". Aud Farstad kjem med eit storverk om den dramatiske og interessante historia om distriktsjordmødrene. Frå starten i 1784, fram til ordninga vart avvikla i 1984. I mars kjem tolvte og siste band i Norsk ordbok ut, ordboka over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. 

På barneboklista finn ein heile atten nye Leseland-titlar, Samlagets satsing på lesetrening for barn. Forlaget har også tre barnebokdebutantar, Njord Svendsen (ill. Akin Duzakin) og Bjørn T. Bøe med biletbøker og Christian Wiik Gjerde med "Jakta på firkløveren", for aldersgruppa frå 8 år og oppover. Wiik Gjerde, kjent frå NRK Super, skriv om sjausi og forviklingar mellom gutar. 

Bla i heile lista her:

http://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/v__ren_2016

Lanseringsdatoliste og katalog ligg ved også ved.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar