Gå videre til innhold
Pia Strømstad og Trond Bredesen tek deg med på "10 ville ekspedisjonar"

Pressemelding -

Pia Strømstad og Trond Bredesen tek deg med på "10 ville ekspedisjonar"

Neil Armstrong var førstemann på månen. Ellen MacArthur segla jorda rundt heilt åleine gjennom storm og bølgjer. Og ingen har vore så djupt nede på havbotnen som James Cameron.

Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende?

I denne boka blir vi kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.

10 ville ekspedisjonar fortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.

Boka har lanseringsdato 29. oktober. 

I 2019 kjem neste bok i serien: Ti utrulege oppfinningar.

Pia Strømstad (f. 1963) er journalist og har skrive fleire faktabøker for barn tidlegare. For boka Olje blei ho nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomsbøker 2011 i kategorien for beste fagbok. Den siste boka hennar er Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie (2017), illustrert av Flu Hartberg.

Trond Bredesen (f. 1956) har jobba med illustrasjon for reklame, aviser og bøker. Han
har mellom anna illustrert barnebokserien om kunstdetektivane av Bjørn Sortland og har fått fleire prisar for arbeida sine.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO