Gå videre til innhold
"Ylva og Villgeitene" av Hilde Myklebust og Akin Duzakin
"Ylva og Villgeitene" av Hilde Myklebust og Akin Duzakin

Pressemelding -

Poetisk og dramatisk bildebok om eit møte mellom menneske og dyr

​Hilde Myklebust har skrive ei poetisk og dramatisk forteljing om møtet mellom ei jente og den ville naturen. Boka er illustrert av Akin Duzakin.

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje
aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

Ho oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og villgeitene er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO