Gå videre til innhold
​Samlaget feirar 150 år med digitalt Nynorsk lesedøgn i skulen

Pressemelding -

​Samlaget feirar 150 år med digitalt Nynorsk lesedøgn i skulen

Det Norske Samlaget blir 150 år i 2018. Forlaget feirar den nynorske litteraturen blant anna med eit stort digitalt Nynorsk lesedøgn

Nynorsk lesedøgn har nylig fått støtte over revidert nasjonalbudsjett, og vil gå ut som eit tilbod til alle landets grunnskular i jubileumsåret.

Samlaget har i fleire år jobba for å gjere tilgjengeleg store delar av forlagets bøker til barn og unge digitalt. Appane Samlaget Barnebøker og lettlesuniverset Leseland har alt vore tilgjengelege ei stund. Til hausten blir Lesemeister, ein sosial digital lesearena for barn på norsk, lansert. Tenesta vil bli den første i sitt slag i Noreg,og er alt i testing på førti skular både i nynorsk- og bokmålsområde. Nynorsk lesedøgn vil finne stad på Lesemeister.

Adm. direktør i Samlaget, Edmund Austigard seier dette i om satsinga:

  • Dette blir eit kjempeløft. Vi gler oss til å invitere heile skule-Noreg til nynorskfest. Skulen er den viktigaste arenaen for språkleg forståing og mangfald, og vi skuldar ungane våre å få oppleve den beste litteraturen uansett språk. At vi nå får eit Nynorsk lesedøgn i grunnskulen vil bidra til å auke språkleg forståing og toleranse.

At prosjektet etter initativ frå Venstre kom inn på revidert nasjonalbudsjett var avgjerande for å tilby dette til skular i heile landet, seier Austigard

  • Stor takk til Venstre som tek arbeidet med like rettar for barn på alvor og sikrar Nynorsk lesedøgn. Venstre viser med dette at dei er opptatt av det norske språket, og av alle barns rett til å lære å lese, skrive og forstå kvarandre.

For meir informasjon, kontakt adm.dir i Samlaget, Edmund Austigard på 482 01 320.

Foto: Maria Parr, Samlagets store barnebokprofil som vil vere ein del av lesedøgnet i 2018 (foto: Agnete Brun).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO