Gå videre til innhold
Samlaget har lansert haustlista 2013

Pressemelding -

Samlaget har lansert haustlista 2013

Forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 146. haustliste. Samlaget har 10 debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære. Agnes Ravatn, Jan Roar Leikvoll, Sigrun Slapgard, Ragnar Hovland og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.

Biografien om Ivar Aasen av Ottar Grepstad, Alfred Fidjestøls store verk om Det Norske Teatret, Dag Nestegards debutbok om flypioneren Thor Solberg og Katrine Seles biografi om Kenneth Sivertsen er blant årets sakprosatitlar. Samlaget markerer også Språkåret med fleire titlar.

Forlaget lanserer i desse dagar Leseland, ein ny lesetreningsserie i form av appar for iPad, iPhone og Android, samt på Windows 8. Samlaget er det første forlaget som leverer innhald til Windows 8. 

Haustlista med katalogtekstar og lanseringsdatoliste ligg ved.

Bla i heile årskatalogen HER

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO