Skip to main content

Samlagsforfattar Sunniva Relling Berg får Kjell Holms kulturpris på 300 000

Pressemelding   •   aug 15, 2012 10:35 CEST

Denne veka vart forfattar Sunniva Relling Berg (24) tildelt Stiftelsen Kjell Holms kulturpris på 300 000. Relling Berg debuterte på Samlaget med ungdomsromanen Utfor i 2011. Boka fekk gode kritikkar og vart nominert til Brageprisen.

– Eg er utruleg takksam overfor stiftelsen som har gjeve meg sjansen til å «kjøpe» skrivetid eg elles ikkje hadde hatt samvit til å bruke, seier Relling Berg til Sunnmørposten

Frå statuttene til Stiftelsen Kjell Holms kulturpris:

”Stiftelsen Kjell Holms formål er å støtte og utvikle kulturelle og samfunnsgagnlige tiltak, i første rekke slike som er knyttet til  stifterens fødeby Ålesund og / eller til den fredede gamle gården Sandbu i Vågå.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar