Skip to main content

Sigrun Slapgard med sterk dokumentarbok om Latin-Amerika

Pressemelding   •   mar 02, 2018 10:57 CET

I "Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier" tek Sigrun Slapgard oss med på reisene sine på dette valdelege kontinentet. Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke. 

Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det latinamerikanske kontinentet. Som NRK-journalist har Sigrun Slapgard fortalt om menneske i sentrum av dramatiske hendingar. Menneske som står opp mot overmakta, som risikerer livet for å få til endring.

Sigrun Slapgard tek oss med til El Salvador, der kodar og forkledning er kvardagen, men også døden, inn i den colombianske jungelen for å møte FARC-geriljaen i den nye, skjøre fredstida, og til Buenos Aires, der bestemødrer no opplever underet med at bortførte barnebarn kan dukke opp igjen tretti år etter militærdiktaturet.

Arrangement for boka:

Nordic Black Theatre 7. mars kl 1630 

https://www.facebook.com/events/934231010072667/

Litteraturhuset i Oslo  12. mars kl 1730

https://www.facebook.com/events/148720802469188/

Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeidde i fleire år i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset Dikterdronningen (2007). Ho har også gitt ut romanane Paradishagen og  Englestien.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.