Gå videre til innhold
Siste band i den prislønte fantasyserien om Drakeguten

Pressemelding -

Siste band i den prislønte fantasyserien om Drakeguten

Fredlaus er femte og siste band i serien om Drakeguten, der politiske og overnaturlege konfliktar møtest i eit klimaks som vil endre både Koll og heimbyen hans for alltid, både på godt og vondt.

Forfattar Asbjørn Rydland har vore i dette universet lenge, og innrømmer at det er litt rart at Drakeguten no er komen til vegs ende.

- No har eg jobba med desse bøkene sidan 2009, så det er jo nokre årsverk som ligg i dette prosjektet. Det er sjølvsagt litt vemodig, men eg er godt fornøgd med jobben og gleder meg til å ta fatt på andre historier no.

I dette femte og siste bandet er Koll på flukt frå den nye leiinga i Kervad og avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane. Men fienden er slu, og snart blir Koll nøydd til å vende tilbake til ei usikker framtid i Kervad. Men kan han halde seg på frifot lenge nok til å stoppe trugselen som lurer? Og skulle han greie det, kjem nokon i det heile tatt til å takke han?

Boka har lanseringsdato 13.oktober. Sleppfesten finn stad på Sosialen i Møllergata 13 i Oslo same dag kl.19.00. For meir om arrangementet sjå Facebook: https://www.facebook.com/events/907188046032540/

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO