Gå videre til innhold
Sjølvbiografisk reiseroman frå Rønnaug Kleiva

Pressemelding -

Sjølvbiografisk reiseroman frå Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva har reist mykje heile livet, helst aleine og ofte i Aust Europa og på Balkan. I den sjølvbiografiske reiseromanen Armenia, Albania, Argentina følgjer vi Rønnaug gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Rønnaug treffer gamle vennar og elskarar undervegs, og boka tematiserer også det å bli eldre.

Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil, kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre geografiske reisa på ein elegant måte.

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre og busett i Oslo. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i ymse sjangrar for vaksne og barn.

"Framifrå og autentisk (...) Kleiva høyrer til A-laget i norsk skjønnlitteratur. I bok etter bok har ho synt at ho kan skriva nøytralt om det vonde, distansert om det nære og intenst om det kjensleladde (...) Alltid presist språk, skarpe observasjonar og intelligente refleksjonar", Odd W. Suren i  Dag og tid om Armenia, Albania, Argentina.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO