Gå videre til innhold
​Sokneprest Andersson-Ryssts pris går til den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

Pressemelding -

​Sokneprest Andersson-Ryssts pris går til den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

Sokneprest Andersson-Ryssts pris går i 2019 til den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson. 

Frå juryen: "Han har gjeve oss dei mest fantastiske historier frå ein islandsk utkant dei færraste har besøkt, men som likevel fortel oss noko grunnleggjande om oss sjølve og kva som står på spel i vår tid. Han skriv med ein slik nærleik og inngåande kjennskap til liv og lagnad på Strandir, i det nordvestlege hjørnet av Island, at ein i den eine augneblinken deler frustrasjonen til sjarkfiskaren Halldór der han ser kveita han miste, forsvinne ned att i djupet, og i den neste kan ein få lyst til å strekkje seg ut i solskinet mellom Helgatuvene, stadnamnet bonden Bjarne gav til nokre tuver som ser ut som jordiske avstøypingar av brysta til kvinna han elska.

I dei små historiene trekkjer Bergsveinn opp dei store linjene over korleis personane i bøkene er knytte til kvarandre og landskapet. Om koloritten i bøkene er aldri så lokal og til tider på grensa til det eksotiske, er det udiskutabelt at Bergsveinn gjer avstanden mellom Noreg og Island mindre. For sjølv om forfattaren hovudsakleg skriv om islandske forhold og på islandsk, gjer han det på ein slik måte at vi som norske lesarar fort kan kjenne att delar av eiga slektshistorie i sogene. Mange forfattarar ønskjer å bruke det lokale til å uttrykkje noko allment, og Bergsveinn lukkast uvanleg godt med det. I Noreg har mange utvikla nærast si eiga kjærleikshistorie til den vesle perla Svar på brev frå Helga.

Bergsveinn Birgisson utfordrar oss sjangermessig, språkleg og i innhald, og det ønskjer komiteen bak Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond å heidre og takke han for."

Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond er ein pris med to siktemål. Annakvart år går prisen til nokon som gjer eit godt arbeid for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og/eller Island, og annakvart år går prisen til unge forfattarar som skriv på nynorsk. I år er det ein trio som har styrka banda mellom Noreg og Island, så vel som resten av det nordiske språkområdet, som skal heidrast. Prisen er på 10 000 kroner.

Juryen: Ottar Fyllingsnes, Margunn Rauset og Jan Kløvstad

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO