Skip to main content

Solveig M. Tjeltveit debuterer med diktsamlinga "Noo gode Gnu"

Pressemelding   •   aug 25, 2015 09:00 CEST

Solveig M. Tjeltveit debuterer med ei original diktsamling der Gnu er den sentrale gjennomgangsfiguren.

Noo er swahili for gnu. Noo er Gnu sin lyd. Stemma i boka endrar seg mellom dikta, den er rytmisk og syngande og kan ta bustad i kva og kven som helst. I denne ville skogen bur både Gnu, Gud og jente – og over himmelen fyk ein gut.

Her eksisterer ulike mytologiar side om side, figurar skiftar form, lammet leikar ved sida av løva og mangroven veks under bjørka. Dikta er overraskande og temperamentsfulle, og fulle av latter og gråt.

Solveig M. Tjeltveit(f. 1969) er frå Jelsa i Ryfylke, bur i Bergen og er utdanna gartnar. I tillegg har ho litteratur-, skrivekunst-, kunsthistorie- og psykologistudium bak seg. Noo gode Gnu er den første boka hennar

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar