Gå videre til innhold
​Spektakulær finale i Cherub-serien!

Pressemelding -

​Spektakulær finale i Cherub-serien!

Spektakulær finale i Cherub-serien!

Den tolvte og siste boka i CHERUB-serien er endeleg her

Etter at ein tsunami fører til store øydeleggingar på ei tropeøy, sender guvernøren på øya inn bulldosarar for å jamne landsbyane med jorda og erstatte dei med luksushotell.

I Monsterbølgja får James i oppdrag å vakte familien til den korrupte guvernøren, eit oppdrag han ikkje tykkjer noko om. Samstundes pønskar tidlegare agentkollega Kyle Blueman ut sin eigen uoffisielle og svært farlege plan.

James må no velje mellom lojaliteten til CHERUB og lojaliteten til den eldste venen sin.

CHERUB-agentar har ein avgjerande fordel: Vaksne får aldri mistanke om at barn og ungdommar spionerer på dei. Men offisielt finst ikkje desse agentane.

Omsett frå engelsk av Øystein Rosse.

Robert Muchamore (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO