Stor feiring av Ragnar Hovland 60 år på Oslo Bokfestival

Pressemelding  •  14-09-2012 10:26 CEST

Ragnar Hovland fyller 60 år i år, og vart feira stort på ei festforestilling i Bergen i mars. No skal han også bli feira med ein eigen festkveld i Oslo. Knut Nærum, Erlend Loe, Lina U. Mariussen, og musikarane Polkabjørn og Annlaug Børsheim skal hylle han under Oslo Bokfestival laurdag 15.9. kl 18.30 på Victoria Jazzscene. Hovudpersonen sjølv vil også vere til stades, og skal både lese og signere bøker.

Ragnar Hovland er ein av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkelege karakterar og populærkulturelle referansar har han i over 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. I suveren og slentrande stil skriv han befriande humoristisk om livet m.a. på ville vestlandsvegar. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirert av han. Hans siste bok Stille natt (2011) vart tatt imot med stor begeistring av kritikarar og lesarar.

Hovland har motteke fleire prisar, mellom anna Brageprisen, Kritikarprisen, Aschehougprisen, Bastianprisen, Doublogprisen, Melsomprisen, Samlagsprisen.

 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar


You haven't completed the steps for your Hosted Newsroom

You haven't entered a correct link to your helper.html file for your Hosted Newsroom. Go to Publish and complete the steps.