Gå videre til innhold
Strålande mottaking og nytt opplag av Jon Fosses nye diktsamling "Stein til stein"

Pressemelding -

Strålande mottaking og nytt opplag av Jon Fosses nye diktsamling "Stein til stein"

Jon Fosse får strålande kritikk for si nye diktsamling, Stein til Stein. Fleire meldarar utropar han til den nye folkediktaren. Diktsamlinga kjem no i nytt opplag.

Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget, synes det er gledeleg at Fosse endeleg vert rekna som ein diktar for folket: - Jon Fosse skriv universelle, menneskelege dikt som kan bety noko for alle som les dei. Dikta i Stein til stein er tilgjengelege, vakre og av høg kvalitet

Det er i år ti år sidan Fosse sist gav ut ei tradisjonell diktsamling. Fosse karakteriserer den nye samlinga som ei kravlaus lita samling. Boka inneheld dikt, men òg ei salme, Nattsalme, som har fått plass i den nye salmeboka.

Frå meldingar av boka:

"I denne boka møter lesaren ein Jon Fosse som vil snakke til alle som har øyro å høyre med. Diktaren i Statens æresbustad «Grotten» har med denne boka levert ei samling som på underleg vis kjem «vanlege folk» i møte."

Terningkast seks.

Emil Otto Syvertsen,  Fædrelandsvennen

"Jon Fosses nye diktsamling handler om et jeg som lengter etter kjærlighet, eller som drømmer om en rikere tilværelse. I de beste diktene setter han ord på vesentlige erfaringer ved det å være menneske. Mer kan man ikke forlange av en dikter."

Frode Heimlich Pedersen, Bergens Tidende

"Stein på stein er ei god diktsamling, sjølvstendig og gjennomlevd, språkmedviten og lett tilgjengeleg (...) Vanleg samtidslyrikk når sjeldan eit breitt publikum. Denne boka kan bli unntaket."
Tore Elias Hoel,  Dag og Tid

"Jon Fosse viser med Stein til stein at han kan vere ein himmelvendt og samtidig jordnær lyrikar. Han skriv om fjell, om sjø, om jord, stein og vind i samspel med vilje, rørsle,- himmel og lys. (...) Dikta er vakre som musikk: Dei finn rotfeste i moll og strekker greiner oppover som spirande lauvtre i dur. Og utan at eg alltid ser ting klart for meg, har eg ei klar kjensle av kvar diktaren vil. For å gjere det heilt klart i denne meldinga: Stein til stein inneheld mykje stor lyrikk, slik dikta talar med djupet i oss sjølve."

Alf Kjetil Walgermo, Vårt land

"Satt på spissen, kan det hevdes at det ikke bare er Jon Fosse som kommer til ord og syner i disse diktene, det er  virkeligheten eller tilværelsen selv som viser seg."

Atle Christiansen, Aftenposten

Jon Fosse (f.1959)  blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO