Gå videre til innhold
Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun med nye bøker om norsk røyndom

Pressemelding -

Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun med nye bøker om norsk røyndom

Sumaya Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun er alle aktuelle med bøker i Samlagets nye serie Norsk Røyndom. I serien Norsk røyndom skriv utvalde forfattarar om den norske samtida. Viktige tema vert presentert i kort format, med eit personleg utgangspunkt.

Lansering 11. juni kl 19 på Bortenfor, Brenneriveien 7 i Oslo. FB-arrangement her: https://www.facebook.com/events/172843230218972/

Sumaya Jirde Ali - Ikkje ver redd sånne som meg

«Det er først no, som tjueåring, eg forstår kor knusande 22. juli var for meg. For identiteten min. Eg var tretten år, og eg slapp ikkje unna det politiske. Eg bar det med heile meg.»

Sumaya Jirde Ali (f. 1997) kom til Bodø som barn og blei behandla som alle andre, ho kjende at ho høyrde til. I boka fortel ho om dei bekymringslause dagane i barndommen. Ho fortel om sjokket då ho fekk høyre om attentatet i Oslo 22. juli 2011, og kva det gjorde med synet hennar på eigen identitet og tilhøyrsel. Ho skildrar kjensla av skam og sjølvforakt, av å bli umenneskeleggjort, og lengselen etter å høyre til. Vi får også innblikk i kva ho gjer for å motverke hat, halde oppe motet og stå for det ho meiner. Jirde Ali er samfunnsdebattant, spaltist i Klassekampen, aktivist og poet. I 2017 gav ho ut diktsamlinga Kvinner som hater menn. Det same året fekk ho Natt & Dag-prisen, Zola-prisen for sivilt mot prisen som Årets Bodøværing.

Camara Lundestad Joof - Eg snakkar om det heile tida

Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?

Camara Lundestad Joof (f. 1988) er ein norsk-gambisk scenekunstnar og dramatikar. Det kunstnariske arbeidet hennar er i hovudsak dokumentarisk og tek for seg interseksjonalitet, dekolonialisme og normkritikk. Ho er med og leiar Den Mangfaldige Scenen, og har spela over to hundre framsyningar i Skandinavia med den sjølvbiografiske soloførestillinga Pavlovs tispe. Frå 2018 er Joof Husdramatikar på Dramatikkens Hus. 

Kristin Fridtun - Homoflokar

For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar vart innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på?

Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre, har nye flokar dukka opp. Negative haldningar i det norske samfunnet blir tona ned, medan homofiendslege trekk ved andre kulturar får mykje merksemd. Det er blitt ei kløft mellom «oss» (som er snille med homoane) og «dei» (som er slemme). Men den største kløfta er den som skil hetero frå ikkje-hetero. Kvifor eksisterer dette skiljet framleis? Kan det tenkjast at homotoleransen er ein del av problemet?

Fridtun (f. 1987) har mastergrad i norrøn filologi. Fridtun er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun har gitt ut bøkene Norsk etymologisk oppkok, Nynorsk for dumskallar og Kjønn og ukjønn. I 2016 fekk ho Bokhandelens sakprosapris.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO