Gå videre til innhold
Svein Sæter aktuell med Kongen av Spitsbergen

Pressemelding -

Svein Sæter aktuell med Kongen av Spitsbergen

Einar Sverdrup (1895–1942) er ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.

Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande då britane tvangsevakuerte Longyearbyen; alle menneska i ein norsk småby blei stappa om bord i krigsskip og sende til Storbritannia, medan byen og gruvene blei herja og husdyra slakta for fote.

- Livshistoria til Einar Sverdrup er sterk og fascinerande. Her er personlege nærbilde frå sentrale hendingar i nyare norsk historie. "Kongen gråt meget", skriv Sverdrup etter samværet med kongen i Troms i 1940. Det er nesten utruleg at ingen har skrive om Einar Sverdrup før. Desto meir spennande har det vore å gjera det, seier Svein Sæter. 

I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi- Tyskland. 13. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, då ekspedisjonsskipet «Isbjørn» blei senka av tyske fly.

Kongen av Spitsbergen er den første boka om Einar Sverdrup. 

Lansering av boka finn stad torsdag 13.oktober på Svalbard museum kl.19.00

Svein Sæter (f. 1960) er forfattar og frilansjournalist. Han har skrive 21 faglitterære bøker, mange av dei med historiske tema. Fleire av bøkene, mellom anna XU. I hemmeleg teneste 1940–1945, har hausta strålande kritikkar. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO