Gå videre til innhold
Terje Torkildsen klar med "Stavanger Stories 2"

Pressemelding -

Terje Torkildsen klar med "Stavanger Stories 2"

Dobbel Upris-vinnar Terje Torkildsen er klar med ny ungdomsbok.  Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann - og også andre folk som er rundt dei i store, vesle, vakre, stygge Stavanger. 

Betty er usikker på om ho kan stole på kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for å imponere storebroren sin. Halvard kjøper luftpistol. Og Eric må snike seg ut då han vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan å vere klare over korleis handlingane deira påverkar personane rundt dei.

Terje Torkildsen(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. I 2016 kom Stavanger Stories 1. Torkildsen bur i Stavanger.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO