Gå videre til innhold
Tett på søskenparet frå Kleiva i ny bok; "Søsken til evig tid"

Pressemelding -

Tett på søskenparet frå Kleiva i ny bok; "Søsken til evig tid"

Ei reise 50 år tilbake i tid!

Filmane om Oddny og Magnar på Kleiva er sett av nesten to millionar. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. 

Journalist Ivar Myklebust Longvastøl tek oss i denne boka med tilbake til Naustdal og fortel meir om søskenparet.

Oddny og Magnar var dei to yngste i ein søskenflokk på fire. No er det berre dei att, og dei har ingen etterkommarar. Livet har handla om plikt og hardt arbeid. Kva tenkjer dei om livet sitt, og korleis blei det som det blei? Har dei drøymt om noko anna? Og kva tankar gjer dei seg om den dagen dei begge er borte?

Boka har lanseringsdato 27.oktober. 

Ivar Myklebust Longvastøl er utdanna lærar og journalist. Han har i ei årrekkje arbeidd som journalist i Firda, men også vore lærar, vore innom NRK og budd og arbeidd i Sør-Afrika. Dei siste åra har Longvastøl bygd opp Nynorsk avissenter i Førde, som gir ei praktisk retta opplæring med føremål å rekruttere fleire flinke journalistar som skriv nynorsk.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO